Pibroch

Pibroch, piobaireachd eller ceòl mòr er ei form for kunstmusikk som særleg er knytt til Det skotske høglandet og er kjenneteikna av langstrekte komposisjonar med eit melodisk tema og forseggjorte formelle variasjonar. Det skotsk-gæliske ordet piobaireachd tyder bokstaveleg ‘pipespeling’, og har vore musikk for skotsk sekkepipe i rundt fire hundre år.[1]

Ein meir generell term er ceòl mòr, som tyder ‘stor musikk’ (for å skilja denne komplekse utvida kunstmusikken frå den meir populære skotske musikken som dansar, reelar, marsjer og strathspeyar, som blir kalla ceòl beag eller ‘liten musikk’). Denne termen omfattar musikk av liknande natur som pibroch, som stammr frå før ein byrja nytta den store sekkepipa, og har historisk blitt spelt på harpe (clàrsach) og seinare på skotsk fele.

  1. Haddow, Alexander John (1982, 2003) The History and Structure of Ceol Mor - A Guide to Piobaireachd: The Classical Music of the Great Highland Bagpipe. Glasgow: The Piobaireachd Society.

© MMXXIII Rich X Search. We shall prevail. All rights reserved. Rich X Search